• Home
  • Browse
  • Search
  1. Debates & Lectures
  2. 2018

Designergener

I framtida kan kanskje ein chip gjere deg smartare, ei pille kan skape lukke og ein screening kan fortelje oss alt om genomet til eit ufødd born. Bioteknologien vert utvikla i rasande fart og kan medføre enorme endringar, men kva moralske val må me ta på vegen?

I PANELET:
- Ole Martin Moen, moralfilosof og professor hjå Universitetet i Oslo (UiO)
- Knut Alfsvåg, professor hjå VID vitenskapelige høgskole avdeling Stavanger
- Sigrid Bratlie, biolog og seniorrådgiver i Bioteknologirådet

Transhumanismen er ei rørsle som søkjer å nytte teknologi for å forbetre menneske. Mange av tilhøva for dette finner ein innanfor bioteknologien, som allereie har kome langt i forskinga på genredigering, bremsing av aldringsprosessen og kunstig befrukting. Men kva kan me utrette med dette, og kva bør me gjere for å komme ut av dette med verdiane i behald?

Nokre spår ein dystopi der sorteringssamfunnet står sterkt og toleransen er lav. Andre ser ei ljos framtid utan sjukdom og sorgar. Kunne du tenkje deg å designe din eigen baby medan du bikkar 150 år med kroppen til ein tjueåring?

Det krevs medlemskap for å delta på arrangement i regi av Studentersamfunnet i Bergen. Medlemskap er opent for alle, og kan kjøpes i døra for 50 kr. Dette gjev deg fri inngong på alle ordinære arrangement Inneverande semester.

Interessert i flere av våre arrangement? Få informasjon om alle våre arrangementer på Facebook-siden vår eller på http://www.studentersamfunnetibergen.no
Read More
  • Photo Sharing
  • About SmugMug
  • Browse Photos
  • Prints & Gifts
  • Terms
  • Privacy
  • Contact
  • Owner Log In
© 2021 SmugMug, Inc.
    Vlad Lipovanu
    Vlad Lipovanu
    Vlad Lipovanu